Helgekurs i treskjering, hausten 2020

Er du interessert i treskjæring er dette kurset for deg! Kurset går i Treskjerarverkstaden i Hornindal: Seljesetvegen 103
  • Kurs I: 16., 17. og 18. oktober 2020
  • Kurs II: 6., 7. og 8. november 2020
Fredag: kl. 17.00 - 21.00
Laurdag: kl. 8.30 - 16.30
Søndag: kl. 9.00 - 15.30

Det er ope for å ta kontakt og kome med ynskjer om kurs på andre tidspunkt eller etter andre ordningar.

Påmelding

Meld deg på treskjærarkurs i skjemaet under. Du vil bli kontakta for endelig stadfesting.

Namn
Kurs


Kommentar
Adresse
Postnummer
Poststad
Tlfnr.
E-post
Alder

Kursbeskrivelse

Kurset høver godt om du er nybegynnar eller vidarekomen som treng faglig påfyll og inspirasjon for vidareutvikling. Kursdeltakarane får for det meste individuell undervisning etter ynskje og behov, i tillegg til fellesundervisning.

Kurset tek for seg mange av triksa for effektivt å kunne meistre teknikkane. Forståing av logikk, linjeføring og spenst i djupta er vesentlege delar av undervisninga.

På kursa vert det lagt vekt på akantus, men og andre stilartar om ynskjeleg. Det er og høve til å prøve seg på biletskjering (relieff).

Det vert også vist slipeteknikk og kor viktig det er å ha rett form på slipefasen for å lettare få full kontroll ved føring av jernet.

Treskjering er eit handverk med lange tradisjonar i Hornindal og mange av kursdeltakarane kjem att år etter år.

Kvart kurs har åtte studieplassar som vert fortløpande oppfylt etter kvart som påmeldingane kjem inn.

På kursa vert det gjennomgang av

  • Sliping av treskjerarjern, grovsliping, rett form, finsliping og polering
  • Val av emne
  • Påteikning mønster
  • Nedbotning
  • Gjennomskurd, saging med Hegner kontursag.
  • Bruk av jern- og klubbeteknikk
  • Motved og medved
  • Grovskjering og finskjering
  • Forståing av ornamentikk, bevegelse og linjefæring.
  • Bakskjering
  • Skjering av barokk og akantus, evt. andre stilartar
  • Høve til relieff skjering med perspektivlre
  • Individuell undervisning etter ynskje og behov
  • Kvalifikasjonar

    Ingen krav til forkunnskapar. Ta med jern om du har.

    Kursstaden Hornindal

    Kursstaden ligg vakkert til ved Hornindalsvatnet, Europas djupaste innsjø. Hornindal byr på gode moglegheiter for fritidsaktivitetar, inkludert korte og lange fjellturar, fisking og Anders Svor Museet. Hornindal ligg sentralt til på nordvestlandet med kort veg til kjente reisemål som Stryn og Briksdalsbreen, Geiranger, Kannesteinen og Runde, mm.

    Kursavgift

    Kr. 2 300,- per kurs.
    Kursmateriell kjem i tillegg.

    Læraren

    Rolf Taraldset, biletskjerar og treskjerarmeister. Rolf har halde mange kurs både i inn- og utland.

    Overnatting

    Huset Vårt - husetvart.no
    Gjestehus og aktivitetssenter m/overnatting. Fullt utstyrt for sjølvhushald.

    Raftevolds Hotell - raftevold.no
    Overnatting med frukost. Ved tinging av rom på hotellet vis til treskjerarkurs.

    Knausen Hyttegrend - knausenhyttegrend.no
    Rom/Leiligheiter/Høgstandardhytter. Fullt utstyrt for sjølvhushald.

    Grodås Camping - Tlf. 57 87 96 86.
    Hytter og camping.
    Kopirett © Rolf Taraldset, Seljesetvegen 101, 6763 Hornindal, Norway - Telefon: (+47) 908 61 443 - E-post: rolf@taraldset.org - Org. nr.: 954 638 553 MVA