Treskjærarmeister Rolf Taraldset

Rolf Taraldset vart fødd og vaks opp i Hornindal, ei lita kommune ved Hornindalsvatnet i Nordfjord på Nordvestlandet. Her har han i dag sitt daglege virke i treskjærarverkstaden sin.

Treskjæring har Rolf halde på med sidan barndomen. Allereie i femårsalderen tok han sine første kutt i verkstaden til faren Bjarne. Bjarne Taraldset var ein profesjonell treskjærar som gjekk i lære med Daniel Hagerup, ein kjend treskjærar og billedhoggar som studerte i Oberammergau i Tyskland.

Før Rolf tok utdanning ved Hjerleid treskjærarskule på Dovre, jobba han tre år med treskjæring heime hos faren. Sveinebrevet fikk han i 1976 og seinare også meisterbrev.

Arbeidet inkluderar både møblar og treskjæring i mange klassiske stilartar. Rolf gjer sjølv alle steg av arbeidet, frå design og skisser til utforming og overflatebehandling av det endelige produktet. Produkta varierar frå små støypemodellar til store ornamentale utsmykkingar. Portrett, skulpturar og relieff i tredimensjonal form er arbeid som Rolf likar å arbeide med, så vel som barokk- og rokokkomøblar.

Rolf held ofte kurs i treskjæring, det første kurset var i 1976 då han sjølv studerte på Dovre. Sidan dette har han halde utallige kurs både i inn- og utland. Mange av studentane kjem att år etter år.
Kopirett © Rolf Taraldset, Taraldset, 6763 Hornindal, Norway - Telefon: (+47) 908 61 443 - E-post: rolf@taraldset.org - Org. nr.: 954 638 553 MVA